Sky ikon
Nyhende | Bilde | Sport
...
BREAKING ER KULTUR: Onsdag vitja Freestyle Phanatix Flora ungdomsskule. Dei er ein del av den kulturelle skulesekken. Foto: David E. Antonsen.

Hiphop i Den kulturelle skulesekken

Onsdag dansa breakdancegruppa Freestyle Phanatix for elevar ved Flora ungdomsskule

Oppdatert 01.09.2010 kl 20:06

Kultur er ikkje berre biletutstillingar og ballett. Det er eit omgrep mykje breiare enn det. Og det kan også vere svært så fengjande for ungdommen.

– Hiphop er litt annleis enn mykje av finkulturen ein tenkjer på når ein høyrer ordet «kultur». For hiphop er ein kultur, om enn mykje yngre enn mykje anna vi tenkjer på som kultur.

Det understrekar Kim Kirkemo Bøytler i den danske breakdancegruppa Freestyle Phanatix som er Skandinavias største breakdancetropp, med over 2000 framsyningar og workshops i både Skandinavia og Europa.

Berre fem minutt tidlegare hadde han og resten av gruppa fått stor applaus frå ungdomsskuleelevane i Florahallen.

– Vi vart tekne veldig godt imot av ungdommen her i Florø. Dei let seg rive med, fordi kulturomgrepet er noko annleis for dei, smiler Kirkemo Bøytler.

Kultur

Held open generalprøve før NM

Klar for MGP-showet

God innspurt i billettsalet

Fire vaksne menn syng fleirstemt

Startar ballettskule i Florø

Ungdommen slo seg laus

Kultur

Held open generalprøve før NM

Klar for MGP-showet

God innspurt i billettsalet

Fire vaksne menn syng fleirstemt

Startar ballettskule i Florø

Ungdommen slo seg laus

Til toppen | Til forsida | Til web-avisa
Nyhende | Bilde | Sport

All vidare bruk av stoff og annonser er ulovleg utan særskild avtale