Eritreiske Simon (10) er no flytta til ein ny flyktningleir utanfor Roma
Og guten er framleis utan tilbod om opplæring og skulegang.
Simon blei i april i år sendt frå Florø tilbake til Italia, fordi norske styresmakter viste til Dublin 2-avtalen og at Simon og faren hadde opphald på humanitært grunnlag i Italia.
Dei kunne berre møte hos immigrasjonsmyndighetane i Italia, så ville dei få både plass å bu og skulegang.
Erfaringane frå opphaldet så langt viser at det ikkje stemmer.
Dei godtok tilbodet om å bli overflytta til leiren Karibu i byen Sezze Romano utanfor Roma, men kvar henvending til leiradministrasjonen i Karibu om skulegang for Simon har så langt vorte neglisjert.
Støttegruppa for Simon har organisert pengeinnsamling slik at det vert utbetalt eit beløp på 2500 kroner to gongar i månaden.