Sky ikon
Nyhende | Bilde | Sport
...
Rolf Bjarne Sund, prosjektleiar for sentrumsplanen i Flora kommune. Foto: Olav Hatlemark

Nesten klart for leikeplass

Formannskapet tok vel imot planane som no er lanserte for ein leikeplass vest for Flora samfunnshus.

Oppdatert 01.09.2010 kl 20:47

Men fleire undra seg på om arealet kan vere for lite, der det i dag ligg som plen ved inngangen til tenestetorget.

Det vert plass til 20 barn, og klatreveggen kan ikkje gå høgare enn tre meter med fallunderlag, opplyste prosjektansvarleg for sentrumsplanen, Rolf Bjarne Sund.

Leikeplassen er kostnadsrekna til 745 000 kroner. Over halvparten skal finansierast med spelepengar som Flora kommune må forskotere fram til pengane kjem. Saka må vidare til bystyret.

Bjarne Holme, gruppeleiar for Frp, meinte at det vil vere feil å ta 400 000 kroner frå drifta til forskotering av leikeplassen, samstundes som Flora kommune no skal til å skjere ned på omsorgstenestene.

Lokalnytt

Fleire klagar på kommunane

Vil styrke ambulansetenesta

Vil ha kompromiss for Kystvegen

Fekk svi for falsk forklaring

Krev ny runde om åttetalsti

To prestar fordelt på heile åtte kyrkjer

Lokalnytt

Fleire klagar på kommunane

Vil styrke ambulansetenesta

Vil ha kompromiss for Kystvegen

Fekk svi for falsk forklaring

Krev ny runde om åttetalsti

To prestar fordelt på heile åtte kyrkjer

Til toppen | Til forsida | Til web-avisa
Nyhende | Bilde | Sport

All vidare bruk av stoff og annonser er ulovleg utan særskild avtale