Sky ikon
Nyhende | Bilde | Sport
...
ENKELT GREP: Med denne ringeklokka utanfor Narvesen kan dei som sit i rullestol påkalle beteninga, for å få hjelp til å komme seg inn i kiosken. T.v. dagleg leiar Leni Kurzhals og Herdis Seim i Demokratisk Solidaritet. Foto: David E. Antonsen

– Enkelt og effektivt tiltak for rørslehemma

Narvesen i Florø er ei av verksemdene som ved enkle grep strekkjer ei hand til kundegruppa som sit i rullestol.

Oppdatert 02.09.2010 kl 15:11

I snart eitt år har den stått der, ringeklokka som gjer at rørslehemma i rullestol kan kalle på hjelp frå beteninga på Narvesen.

– Men det er ikkje så mange som bruker den. Det trur eg har å gjere med at få veit om den, seier Leni Kurtzhals.

Ho har teke over stillinga som dagleg leiar på Narvesen. Men det var den førre leiaren som tok initiativet til å skaffe ringeklokka. Og den tilhøyrande rampa.

Tiltaket er noko som set eit smil i andletet til Herdis Seim i partiet Demokratisk Solidaritet.

– Det er så absolutt i Demokratisk Solidaritet si ande at ein tek enkle og gode grep som gjer at dei som er ekskludert kan handle som alle oss andre. Spesielt gledeleg er det fordi dette er den største kommisæren for tipping og rikstotto, og fordi dei har veldig stort utval i lesestoff, seier ho.

Men framleis er det mange stader i Florø sentrum som er vanskeleg tilgjengeleg for rullestol, eller for den saks skuld barnevogn og rullator.

– Fleire kan bli betre, konstaterer Seim.

For 1. januar i fjor trådte den nye diskriminerings- og tilgjengeleglova i kraft. Lova forbyr diskriminering av personar med nedsett funksjonsevne og krev at alle offentlege tilbod, som butikkar, må leggje til rette tilkomsten.

Lokalnytt

Fleire klagar på kommunane

Vil styrke ambulansetenesta

Vil ha kompromiss for Kystvegen

Fekk svi for falsk forklaring

Krev ny runde om åttetalsti

To prestar fordelt på heile åtte kyrkjer

Lokalnytt

Fleire klagar på kommunane

Vil styrke ambulansetenesta

Vil ha kompromiss for Kystvegen

Fekk svi for falsk forklaring

Krev ny runde om åttetalsti

To prestar fordelt på heile åtte kyrkjer

Til toppen | Til forsida | Til web-avisa
Nyhende | Bilde | Sport

All vidare bruk av stoff og annonser er ulovleg utan særskild avtale