Eikefjordbedrifta Fjordpipe AS har sikra seg kontrakt med Fjellstrand AS. Det er den største enkeltkontrakta dei nokon gong har inngått.
Kontrakta med Fjellstrand AS går ut på å produsere komplett røyrutrustning av eit supplyfartøy av typen VS 485 MK III PSV. I tillegg til røyrutrustning som vil sysselsetje mellom 30-35 personar skal dei også levere komplett ventilpakke og alt røyrmateriell.
-Kontrakten er viktig for oss. For det første får vi sikra ei god sysselsetjing ut 2012, samt ein god del sysselsetjing i 2013, seier Jan Åge Sande, dagleg leiar i Fjordpipe AS.
Kontrakten startar opp i juni 2012 og skal ferdigstillast i desember 2012.
Avtalen inkluderer også opsjon på to supplyfartøy til.
-Dersom dei blir erklært vil vi ha aktivitet på Fjellstrand AS sitt anlegg på Omastrand ut heile 2013, opplyser Sande.
Bedrifta har og inngått kontrakt med Havyard Ship Technology AS på prefabrikering og røyrutrustning av eit supplyfartøy av typen Havyard 832L PSV. Denne skal leverast til sommaren. Kontrakten vil medføre stor aktivitet på verkstedet i Eikefjord utover vinteren.
Fjordpipe AS heitte tidligare Eikefjord Mekaniske Verkstad og har kring 130 tilsette frå heile Sogn og Fjordane og Polen.