I februar blir det møte mellom grendelaga og Flora kommune. Beredskapen i etterkant av Dagmar og rutebåtsaka er nokre av sakene på lista.
Den politiske leiinga i Flora kommune inviterer leiarar i grendelag og grendeutval som ei oppfølging til møtet som var i oktober i fjor.
– Vi ber om at grendelaga ser på saklista og arrangerer møte med grenda si for å gå igjennom saklista før dei kjem til oss, seier varaordførar Jan-Henrik Nygård. Han er usikker på om kommunen har rett kontaktinformasjon for alle det gjeld, men håpar at grendelagsleiarar som ikkje har fått det med seg eller ikkje har arrangert møte med bygda si no, tar tak i det.
Først ut på møtet vil det bli ein gjennomgang av førre møtet og informasjon frå ordførar. Deretter vil det mellom anna bli ein gjennomgang av beredskapen og evaluering av Dagmar.
Her ønskjer den politiske leiinga å få innsikt i kva som ikkje fungerte og kva ein kan gjere for å betre beredskapen. I tillegg blir det litt om båtrutene og om andre transporttilbod som buss.