Sky ikon
Nyhende | Bilde | Sport
...
Illustrasjonsfoto. Foto: Reidun Kjelling Nybø

I fengsel etter trygdesvindel

Ein Flora-mann er i Fjordane tingrett dømd til fengsel i 120 dagar for trygdesvindel. Han må sone i 30 dagar. Resten er på vilkår og med to års prøvetid.

Oppdatert 27.01.2012 kl 13:06

Bakgrunnen er litt komplisert, men gjeld utbetaling av nærare 250 000 trygdekroner i ein periode på halvtanna år melom 2005 og 2007.

Dette er pengar som både NAV, påtalemakta og retten er samde om at han ikkje har krav på.

Saka vart avdekka av Aetat for fem år sidan, og meldt til politiet i seinhaustes i 2008. Det vart i domen rekna som formildande at mannen tidlegare er ustraffa og at det har gått så lang tid.

Om realitetane var det derimot ingen tvil og saka kjem under paragrafar om «grovt trygdebedrageri».

Tiltala hadde selskap under etablering, noko som gav rett til trygdepengar i ein kortare periode. Men det vart søkt trygdepengar vidare og ført timelister på meldekort medan han var meir eller mindre i full jobb, like til Aetat sjølv oppdaga tilhøvet og stogga utbetalingane i januar 2007.

Frå påtalemakta si side vart det også sett fram påstand om at arbeidsgjevar måtte dømast for medmerknad, då selskapa var samlokaliserte og det kunne verke planlagt frå begge si side.

Dei meinte arbeidsgjevaren hadde nytte av ordninga, og at det kunne sjå ut som han fekk «mindre mellomlegg» å dekke, noko som var til tap for Aetat.

Dette var ikkje retten samd i, og arbeidsgjevar vart frifunnen og dermed også friteken for krav om sakskostnader.

Lokalnytt

Ho skal drive fram høgskuleprosjektet

Treng meir oljekompetanse

Skriv bok om flypionér

Innlemma i serien, men får ikkje spele

Vil ha ein verkeleg kystveg

Lang og kostbar skadeliste

Lokalnytt

Ho skal drive fram høgskuleprosjektet

Treng meir oljekompetanse

Skriv bok om flypionér

Innlemma i serien, men får ikkje spele

Vil ha ein verkeleg kystveg

Lang og kostbar skadeliste

Til toppen | Til forsida | Til web-avisa
Nyhende | Bilde | Sport

All vidare bruk av stoff og annonser er ulovleg utan særskild avtale