Politiet i Sogn og Fjordane har beslaglagt narkotika for over ein million og pågrepe 70 personar dei siste månedane.
Dei siste månadane har politiet i Sogn og Fjordane beslaglagt narkotika for opp mot ein million kroner og pågripe nærare 70 personar med tilknyting til sakene, melder NRK?S&Fj. Dette er mykje for eit fylke som Sogn og Fjordane.
– Det er eit teikn på at dei har fått gått i fred og blitt trygge i kriminaliteten sin, seier politiførstebetjent Synnøve Domben.
I 2010 tok politimeister Johan Brekke sjølvkritikk etter at dei det året avdekka det lågaste talet narkotikabrotsverk det siste tiåret, og året etter gjekk talet opp frå 407 til 637.
I 2001 var det til samanlikning 1194 narkotikabrotsverk i fylket. Synnøve Domben seier at det i andre halvdel av 2011 vart sett ekstra fokus på narkotikasaker, og at dette skal halde fram. Det er også no oppretta ei gruppe for organisert kriminalitet, som skal jobbe med narkotika og større kriminalitet.