NAV treng bustader til flyktningar som ventar på familiegjenforening.
Det siste året er det blitt busett 21 flyktningar i Bremanger kommune. Av desse er det fleire som ventar på familiegjenforeining innan kort tid. Difor treng NAV fleire bustader i Svelgen-området som er til leige med større plass.
Huset må vere i god stand, og det bør vere møblert, og liggje i Svelgenområdet. Har du eit hus du vil leige ut på langtidskontrakt ta kontakt med Anita Steinset på NAV kontoret, skriv Svelgen.no.