Sky ikon
Nyhende | Bilde | Sport
...
SVENSKAR: Johan Sarsten gjorde comeback i den brune drakta på Refvika i juli 01. Sarsten fekk ingen drøymedebut, men viste at han kan vere farleg med ein fin lobb i tverrliggaren i den mållause første omgangen. Bak står Filip Krantz, og dei andre på FSK-laget denne ettermiddagen var Fredrik Forsberg, Johan Lindgren, Pierre Bengtsson, Peter Jardeborg, Stig Strømsøy, Johnny Langeland, Kenneth Hessvik, Christian Olsen (Bengt Solheim-Olsen), Kurt Kurtzhals (Tomas Svardal). Foto: Torgeir Higraff.

Sesongens vanskelegaste for FSK

Men det er dei to mest formsterke laga som spelar på Måløy stadion i morgon.

Oppdatert 27.08.2010 kl 18:48

For både Tornado Måløy og Florø SK har fem sigrar på dei siste seks kampane, og toppar med det formtabellen i den lokale 3. divisjonsavdelinga..

Form

Florø hadde 16 poeng på seks strake kampar våren 2008, elles må vi tilbake til opprykkssesongen 1998 for å finne tilsvarande god kamprekke. Det året klarte også laget fire bortesigrar på rad, ein prestasjon som blir tangert med tre poeng i morgon. (I begge statistikkar er gjestevisitten i 4. divisjon i 2006 ikkje tatt med).

Som følgje av sigeren over Fjøra rykte FSK opp til femteplass. Saman med plasseringa etter første og femte serierunde er dette årsbeste for laget. Men viktigare: No er det heile seks poeng ned til den utrivelege sjuandeplassen.

Gode 4-0-3 på bortebane gir eit snitt på 1,7 poeng per kamp. Berre Årdal, Eid og morgondagens motstandar er betre i avdelinga.

Oversikta over innsleppte bortemål er ikkje like positiv. Med 3,1 mål per kamp er berre Vik, Sogndal og Sandane dårlegare enn Florø. Men i desse tala ligg stortapa i Årdal, Stryn og Eid, for FSK har plundra mot laga som ligg føre dei på tabellen: 0-1-4 og målskilnad 4-22. Det eine poenget kom i heimekampen mot Tornado Måløy.

Og snart passerer vi årsdagen for 0-12 i Måløy. Det største tapet Florø har hatt i ein obligatorisk kamp i moderne tid, iallfall sidan 1997 som våre statistikkar går tilbake til.

Tornado Måløy er ikkje uvant med storsigrar. Med 10-1 i Vik sist helg slo dei kraftig tilbake etter nederlaget mot Fjøra. Og det er berre til Florø og Fjøra dei blåkvite har gitt frå seg poeng dette året. I tillegg har dei mista tre poeng som straff for å ha brukt ein ulovleg spelar.

Nordfjordingane har såleis vunne 13 av 15 kampar denne sesongen og har hatt tabelltoppen sidan den sjuande serierunden (i slutten av mai).

Det er også det beste heimelaget i avdelinga Florø får prøve seg mot i morgon. Målskilnaden er 34-5 på dei sju trepoengarane, det blir nesten fem nettkjenningar i snitt.

Etter 2-3 for Stryn på Måløy stadion i juni i fjor, vart det berre sigrar på eige underlag resten av sesongen. Det betyr at heimetala framfor besøket frå kystbyen i sør er 14-0-0, med målskilnad 62-12.

Tornado Måløy har scora i kvar kamp i 2010. Sist laget gjekk av bana utan fulltreffarar var 6. juni i fjor - for 29 kampar sidan.

Totalt ha Tornado Måløy sleppt inn 13 mål på dei 15 oppgjera i år. Her følgjer Eid nærmast med 26 baklengsmål, dobbelt så mange.

Vi merkar oss at Måløy-klubben har strevd i første omgang i fleire kampar. Hadde pauseresultatet vore det teljande ville dei faktisk ha lagt bak FSK på tabellen, for Tornado Måløy har sikra seg 13 poeng etter halvtid. Målskilnaden etter sidebytte er 46-5, mot 20-8 før pausen.

Historikk - statistikk

Tornado Måløy har alltid spelt i 3. divisjon. Det var etter nedrykket til Tornado i 2002 at dei fusjonerte med naboane i Vågsøy. Den nye klubben har vore blant dei fem beste seks av dei sju åra etterpå. Dårlegast i 2007 (nr. 8), den einaste sesongen sidan 1998 Florø SK har hatt betre tabellplassering.

Den innbyrdes kampstatistikken i Måløy (og Refvika) etter 1997 er 5-3-3, målskilnad 40-11. 0-12 og 1-11(i 2004) trekker ned, men FSK har altså unngått tap i seks av dei 11 kampane. Møta i 3. divisjon frå 2003 viser jamne 2-2-2. Dei to sigrane til Florø kom i 03 og 07.

Tabell - ny serierunde

Tabellen etter femten serierundar:

Tornado Måløy 37 poeng, Årdal FK 34 poeng, Stryn 32 poeng, Eid 31 poeng, Florø SK 25 poeng, Dale 23 poeng, Fjøra 19 poeng, Vik 16 poeng, Sogndal 2 14 poeng, Sandane 11 poeng, Jølster 9 poeng, Høyang 7 poeng.

Neste serierunde:

27. august: Fjøra - Årdal FK.

28. august: Tornado Måløy - Florø SK (klokka 16.00), Eid - Stryn, Høyang - Dale, Sandane - Jølster.

30. august: Sogndal 2 - Vik.

Sport

EIL får Fair Play-pris

Suverene i vinterserien

Peter spådd ei lysande karriere

Storevik klar for Rosenborg

Florø-keeper klar for Rosenborg

Verdsmeisteren til Florø med nye smørjetriks

Sport

EIL får Fair Play-pris

Suverene i vinterserien

Peter spådd ei lysande karriere

Storevik klar for Rosenborg

Florø-keeper klar for Rosenborg

Verdsmeisteren til Florø med nye smørjetriks

Til toppen | Til forsida | Til web-avisa
Nyhende | Bilde | Sport

All vidare bruk av stoff og annonser er ulovleg utan særskild avtale