Sky ikon
Nyhende | Bilde | Sport
...
FRISK SEGLAS: Starten har gått under ein krinsmeisterskap for tur-/havseglarar i Kalvåg, og båtane rundar ein av dei grøne flytestakane aust for hamna. Arkivfoto: Ivar Presttun

Seglar-KM i Kalvåg

Denne helga arrangerer Florø Seilforening krinsmeisterskap for tur-/havseglarar med base i Kalvåg.

Oppdatert 27.08.2010 kl 18:31

Dermed er seglarane attende til staden der KM er blitt arrangert 18 gonger på rad; første gongen i 1991.

– Dei to siste åra hadde vi KM i Brufjorden med Svanøy som base. Bakgrunnen var sviktande deltaking frå Måløy og håp om å få med fleire av «fjordfolket», seier Frode Stavang som er regattasjef i Florø Seilforening.

Dette har ikkje slege til som tenkt og vona, så i år er det altså attende til Kalvåg som ligg på «nøytral bane», om lag midt mellom Florø og Måløy

Vermeldingane denne helga lyder på lett til laber bris mellom sørvest og nord.

Sport

EIL får Fair Play-pris

Suverene i vinterserien

Peter spådd ei lysande karriere

Storevik klar for Rosenborg

Florø-keeper klar for Rosenborg

Verdsmeisteren til Florø med nye smørjetriks

Sport

EIL får Fair Play-pris

Suverene i vinterserien

Peter spådd ei lysande karriere

Storevik klar for Rosenborg

Florø-keeper klar for Rosenborg

Verdsmeisteren til Florø med nye smørjetriks

Til toppen | Til forsida | Til web-avisa
Nyhende | Bilde | Sport

All vidare bruk av stoff og annonser er ulovleg utan særskild avtale