Heimesigeren mot Fjøra laurdag gjer at det er lov å håpe på at gutane i FSK klarer å halde plassen i divisjonen.
No har dei ei luke på seks poeng ned til Fjøra som no ligg på sjuandeplassen og nedrykk.
Til helga reiser bruntrøyene til Måløy der poeng er lite realistisk.
Deretter skal dei måle krefter mot Vik borte før topplaget Årdal kjem til Florø. Jølster borte blir ein kamp dei mest truleg må vinne. For etter at dei har møtt Stryn heime i 20. runde har dei Dale på Dingemoen før Sogndal 2 kjem til Florø i siste kamp.