Frode Stavang med mannskap på seglbåten «Høna» tok ein suveren krinsmeisterskap i Kalvåg med helga.
«Høna» vann tre av dei fem enkeltseglasane og tok to andreplassar. Fire seglasar talde i samandraget.
Nærmast "Høna" følgde "Narona" (Astor Hugøy) og "Elisabeth" (Tom Løseth).
Banene var dei velkjende i Frøysjøen, fire med fellesstart og ein med Gunder (der båtane går ut etter handikap).
Det mest skuffande med KM i år var deltakinga. Berre fem båtar møtte til konkurransen, alle frå Florø Seilforening.
Dette er det minste oppmøtet sidan KM-seglasane vart starta for snart 25 år sidan. Då låg det jamt over 15–20 båtar på startlinja når skotet gjekk for første regatta i eit seglar-KM.