Florø sterkt representert når Sogndal byr til G19-turnering i Sognahallen 20. januar.
Heile fem av 19 uttekne spelarar til G19-turneringa i Sogndal 20.- 22. januar kjem frå Florø. Det blei klart onsdag, då G19-trenarane til Sogndal fotball kunngjorde innkallingslista si.
Eliteturneringa for G19-lag samlar svært mange gode lag, og turneringa er eit godt utstillingsvindauge for yngre, talentfulle spelarar. Dei som er uttekne frå Florø er:
Kristoffer Book, Kristoffer Ryland, Runar Hove, Peter Aase, Stefan Aase og målvakt Jakob Storevik.
Forutan spelarar frå eigen stall, har Sogndal invitert med spelarar frå Florø, Stryn, Årdal, Vik og Eid. Det er røynde og kjende namn som har stått for uttaket og skal leie laget, nemleg Sebastian Kaldestad, Tommy Øren og Håvard Flo.