Sky ikon
Nyhende | Bilde | Sport
...
NY SMØRJEØKT: Terje Langli var ein av landets mest suksessfulle langrennsløparar, og har både individuelt VM-gull og OL-gull i stafett i medaljesamlinga. Torsdag kjem han til Florø som smørjeekspert. Her frå samlinga i januar i fjor, som trekte mykje folk. Foto: Harald J. Stavang

Verdsmeisteren til Florø med nye smørjetriks

FLORØ: Torsdag kjem OL- og VM-vinnar Terje Langli på florøbesøk for å lære bort smørjetriks.

Oppdatert 11.01.2012 kl 13:14

Det er MX Sport på Evja som har henta den tidlegare smørjesjefen for det norske skilandslaget til kystbyen.

– Det var formidabel oppslutnad då Terje var innom oss i fjor, og no gjentek vi suksessen, seier Tore Strømmen ved MX Sport.

Økta på torsdagskvelden er delt i to, der første time går på grunnleggjande prinsipp og er mynta på dei litt ferske. På andre økta vil Langli tilby ny kunnskap til dei litt vidarekomne innan smørjefaget.

– I fjor møtte over 60 interesserte opp, og det er fint om folk melder frå på førehand til oss om dei vil vere med, slik at vi kan tilbpasse opplegget ut frå deltakarantalet, seier Strømmen.

Han meiner kunsten å smørje ski er ekstra utfordrande for vestlendingane, som kan oppleve store svingingar i ver og føreforhold på kort tid.

– Vi ser fram til denne økta i kveld. Langli er ein meister i faget, og i tillegg til lokalt interesserte har det meldt seg på folk frå så langt borte som Gaular, seier Strømmen.

Skisalet i Florø har vore bra i vinter, veret og tilhøva teke i betraktning.

- Vi har selt godt med ski trass i mildveret. Det viser at florøfolk er vande med å flytte litt på seg for å utøve skisporten. Og ein skal jo ikkje lenger innover enn til Storebru/Eikefjordområdet før ein finn gode forhold, seier MX Sport-leiaren.

Smørjekvelden er open for alle interesserte, uavhengig av kompetansenivå.

Sport

Førde vann i Eikefjord

EIL får Fair Play-pris

Suverene i vinterserien

Peter spådd ei lysande karriere

Storevik klar for Rosenborg

Florø-keeper klar for Rosenborg

Sport

Førde vann i Eikefjord

EIL får Fair Play-pris

Suverene i vinterserien

Peter spådd ei lysande karriere

Storevik klar for Rosenborg

Florø-keeper klar for Rosenborg

Til toppen | Til forsida | Til web-avisa
Nyhende | Bilde | Sport

All vidare bruk av stoff og annonser er ulovleg utan særskild avtale