Sky ikon
Nyhende | Bilde | Sport
...
FOR FLORØ I VÅR: Jacob Storevik på tysdagstreninga til Florø Fotball i idrettssenteret, i dag er han og RBK-mannskapet på treningsleir i Benidorm. Foto: Jan Roar Hatlem

Storevik klar for Rosenborg

Florø-keeperen Jacob Storevik (15) skreiv mandag under ei treårs-kontrakt med Rosenborg, og slutta seg i går til troppen som drog til treningssamling på Benidorm I Spania. Der skal han den neste veka trene saman med stjernegalleriet som er godt i gang med førebuingane til ein ny tippeliga-sesong.

Oppdatert 25.01.2012 kl 19:59

Også Sogndal var interessert i keeperen som blir rekna som eit av dei fremste talenta i landet i si årsklasse. Naustedølingen fyller 16 i juli, men trass ung alder blir han tredjekeeper i storklubben.

God tilrettelegging

– Det gjer at eg vil få tilbod om spel i andre og tredje divisjon. I tillegg blir det lagt godt til rette når det gjeld det utanomsportslege slik at eg kan kombinere fotballen med vidaregåande skule, og eg har også fått hybel like ved Lerkendal, fortel Storevik.

- Og det skal berre ein skade eller karantene til, så er det benken i Tippeligaen?

– Ja, det stemmer det. Det er rart å tenke på, men om det skjer så er eg klar, smilar han.

Vårsesongen i Florø

15-åringen meldte overgang til Florø frå Tambarskjelvar sist sommar, og han fekk debuten i 3. divisjon på tampen av fjorårs-sesongen. Han bur framleis i Naustdal der han går siste året på ungdomsskulen, meininga var å flytte til Florø frå hausten av men dei planane er no skrinnlagt. Han skal likevel spele vårsesongen for Florø, og vil konkurrere med Knut-Marius Kvammen og Joachim Husevåg om plassen i buret.

Debuterte på landslaget

Sist haust debuterte han også på landslaget, og han trur sjansane for fleire kamper med flagget på brystet vil auke med spel for RBK. Det var etter NM-semifinalen på Lerkendal i fjor haust at Rosenborg viste si interesse for den talentfulle sisteskansen. Storevik blei invitert til treningssamling og fekk mellom anna spele mot storklubben Ajax i juniorserien NextGen Series. Der varta han opp med fleire klasseredningar og bidrog sterkt til at trønderane vann kampen 2-0.

Sport

Førde vann i Eikefjord

EIL får Fair Play-pris

Suverene i vinterserien

Peter spådd ei lysande karriere

Storevik klar for Rosenborg

Florø-keeper klar for Rosenborg

Sport

Førde vann i Eikefjord

EIL får Fair Play-pris

Suverene i vinterserien

Peter spådd ei lysande karriere

Storevik klar for Rosenborg

Florø-keeper klar for Rosenborg

Til toppen | Til forsida | Til web-avisa
Nyhende | Bilde | Sport

All vidare bruk av stoff og annonser er ulovleg utan særskild avtale