Sky ikon
Nyhende | Bilde | Sport
...
Foto: Dag Nesbø Frøyen

EIL får Fair Play-pris

Per Ravn Omdal kjem til Eikefjord og delar ut prisen i dag.

Oppdatert 06.02.2012 kl 14:55

Gjennom heile januar og februar vil ein klubb i kvar fotballkrets få utdelt Fair Play-prisen av Norges Fotballforbund og Norsk Tipping. Her i Sogn og Fjordane fortel SFFK at dei har null-toleranse for mobbing, rasisme og uønskt åtferd. Fair Play skal vere eit berande prinsipp for alle nivå i krinsen, og det handlar om respekt for både medspelarar og motspelarar, dommarar og andre aktørar på fotballbana. Det gjeld ikkje berre spelarane, men alle som er involverte i fotballen, anten som foreldre på sidelinja eller utanfor fotballarenaen.

- Eg ser konkrete resultat over heile landet fordi folk si merksemd rundt dette vert større og større. Folk kjem tettare på kvarandre og no kjem haldningskontraktene for fullt. Dette ser eg veldig positivt på, og det må vere grunlaget i ei kvar klubbutvikling, seier Per Ravn Omdal.

Klubbar som set Fair Play-arbeidet i system, kan få 10.00 kroner til dette arbeidet frå Norsk Tipping, som er hovudsponsor for Fair Play.

I kveld er Per Ravn Omdal på plass i klubbhuset på Eikefjord Idrettspark for å dele ut prisen.

Sport

Førde vann prestisjeoppgjeret

Toppoppgjer på stadion

Samlar Florø og Førde til forsoning

Florø med ny storsiger

Kjende seg rana for poeng

Folkefest og publikumsrekord

Sport

Førde vann prestisjeoppgjeret

Toppoppgjer på stadion

Samlar Florø og Førde til forsoning

Florø med ny storsiger

Kjende seg rana for poeng

Folkefest og publikumsrekord

Til toppen | Til forsida | Til web-avisa
Nyhende | Bilde | Sport

All vidare bruk av stoff og annonser er ulovleg utan særskild avtale