15 år gamle Jacob Storevik signerte kontrakta i dag
Den 15 år gamle Florø-keeperen Jacob Storevik er no klar for Rosenborg. Det er klart etter at han i dag har signert ei treårig kontrakt med storklubben.
Det er dei sportslege utfordringane som har lokka stortalentet frå Naustdal til Trondheim. - Eg blir tredjekeeper, noko som i utgangspunktet betyr at eg får spele på andre- og tredjelaget, fortel Storevik. Andrelaget er i 2. divisjon, medan tredjelaget held til i 3. divisjon. Men som tredjekeeper skal det faktisk berre ei skade til, så er han på benken i tippeligaen. - Ja, det stemmer det. Det er litt rart å tenke på, smilar tenåringen.
Storevik skal først fullføre ungdomsskulen, og vil spele for Florø i vårsesongen. Han meldte overgang frå Tambarskjelvar i fjor sommar, og fekk debuten i 3. divisjon på tampen av sesongen. I fjor debuterte han også på G15-landslaget, og han trur spel for Rosenborg aukar sjansene for fleire kampar på dei aldersbestemte landslaga.
Storevik var med på Florø-laget som gjekk heilt til til topps under Dana Cup, og også sentral på gutelaget som gjekk heilt til semifinalen i NM. Der blei som kjent nettopp Rosenborg for sterke på Lerkendal.
I fjor haust blei han invitert til prøvespel for tippeligaklubben, og fekk også spele mot det nederlandske storlaget Ajax i juniorserien NextGen Series. Der varta han opp med ei rekke klasseredningar og bidrog sterkt til at Rosenborg vann kampen 2-0.
Sist helg var han ein av fleire frå Florø Fotball som spelte for juniorlaget til Sogndal. Dei gjekk heilt til topps etter å ha vunne alle kampane i eliteturneringa i saftbygda der også Strømsgodet, Hødd og Ålesund deltok. Storevik vokta buret mot Strømsgodet og Hødd.