Det stod lenge 2-2 i treningskampen, men Florø rakna på slutten
Tre månadar før det klassiske 16.mai-oppgjeret mellom Florø Fotball og Førde var det naboen frå aust som viste seg som det sterkaste laget.
Klasseforskjel
Førde rykka som kjent ned frå 2. divisjon i fjor, og i den første halvtimen av dagens treningskamp som blei spelt over 3 x 30 minutter såg det ut til å framleis være ein divisjons forskjell på dei to laga. Opningsminutta var rett nok relativt jamspelt, men gradvis tok Førde meir og meir over og herja tidsvis med eit Florølag i vinterdvale. Det tok likevel 20 minutt før den første nettkjenninga kom, og det var ingen overraskelse at det kom på ein corner frå dødballsterke Førde.
Christoffer Hafsås møtte på første stolpe, og hadde ingen problem med å sende bortelaget i føringa. Samme mann stod også bak då Førde dobla leiinga nokre minuttar seinare, også denne gongen kom det etter ein dødball. Florø fekk ikkje klarert etter eit frispark frå Thor Jørgen Spurkeland, og ballen gjekk til Hafsås som sette inn sitt andre for kvelden.
"Hårfønar-tale"
Etter ein tordentale frå trenar Terje Rognsø var det eit heilt anna Florø-lag som kom på bana til den neste halvtimen. Dei byrja vinne duellar, jobba knallhardt på kvar ball og pressa Førde til feil og balltap på eigen halvdel. Og dei blåsvarte fekk også lønn for strevet.
Ein presis coner frå Peter Aase landa på hovudet til landslagskollega Runar Hove som med ei kontrollert heading sørga for redusering. Aase var sjølv nær scoring minuttar seinare, men frisparket gjekk like over. Florø styrte det meste i den andre halvtimen, men Førde var nære å sikre seg ny tomålsleiing då Kristian Fardal Opseth heada like utanfor ti minuttar før pausesignalet. Florø svara direkte, og Kristoffer Ryland kom til ei god avslutning der han tvang fram ein retur frå keeper Vegard Skjeldestad. Avslutninga frå Aase gjekk like utanfor.
Dominans
Florø heldt fram med å dominere innleiingsvis i den siste omgangen. Kristoffer Book var nære etter eit fint innlegg frå høgrekanten, men avslutninga gjekk i tverrliggaren. Like etter fekk Book ein ny sjanse etter eit strålande raid av Peter Aase, men avslutninga gjekk på ny like utanfor. Men Florø gav seg ikkje, og fekk nytt løn for strevet minuttet etter. Denne gongen kom innlegget frå venstre, Kristoffer Sigdestad var på plass framfor målet og sørga for at laga var like langt.
Det gjekk mot uavgjort, men få minutt før slutt var keeper Jacob Storevik uheldig med eit utspark som gjekk rett i beina på innbyttar Alen Artnautovic som nådelaust straffa den Rosenborg-klare sisteskansen. Det tok motet frå det unge Florø-laget, og det gav Førde sjansen til å sikre ein komfortbal siger med to kjappe scoringar på tampen av oppgjeret.
Svake
Trenar Terje Rognsø var ikkje blid etter den første omgangen, og heldt då ei tordentale av dei skjeldne. Men han var godt nøgd med responsen han fekk frå spelarene.
- Vi var fryktelig svake den første halvimen. Vi våga ingentng, blei ståande og vente og lot Førde styre kampen. Men det kom seg etterkvart og sett vekk frå dei siste minuttane var vi fullt på høgde med dei i resten av kampen, kommenterte Rognsø som allereie fredag kveld skal leie laget i treningskamp mot Eikefjord.
Kampfakta
Florø Fotball - Førde 2-5 (1-2) (0-2)
Treningskamp, Eikefjord Stadion
0-1 20 min Christoffer Hafsaas
0-2 27 min Christoffer Hafsaas
1-2 40 min Runar Hove
2-2 69 min Kristoffer Sigdestad
2-3 83 min Alen Artnautovic
2-4 86 min Kristian Fardal Opseth
2-5 87 min Eirik Fraas
Gule kort: Binyan Bereket og Christer Husa, Florø Fotball
Florø Fotball: Jacob Storevik, Runar Helland Aamot, Andre Reksten, Runar Hove, Martin Hollevik (Magnus Brandsøy frå 61 min), Kristoffer Sigdestad, Peter Aase, Christer Husa, Binyan Bereket (Erlend Hove frå 61 min), Kristoffer Ryland (Eirik Selaas frå 61 min) Kristoffer Book.